Stageway

Odd Nordstoga lanserar nytt studioalbum og Noregsturné

 

 I februar 2018 er det duka for eit nytt studioalbum frå Odd Nordstoga. Deretter ber det ut på ein omfattande sleppeturné med fullt band.

Albumet, som er eit godt gammaldags dobbeltalbum, har fått namnet «Kløyvd» og er venta 9. februar. Noko av musikken har du kanskje fått med deg, sidan seks spor er utgjevne på strøymetenestane i løpet av 2017. Låten «Fri» har du nok høyrt på radio. Den viste seg å vera ein solid hit, og har lenge versert på topp 10 på radiolistene her til lands.
Kløyvd viser på sett og vis to sider av artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Den eine sida er akustisk, forteljande og lenande mot vise- og countrygenren. Den andre er meir høgmælt, elektrisk og med kjenslene springande rett ut frå musikken.
Odd Nordstoga og hans fantastiske band gler seg veldig til å koma ut og spele frå denne plata. I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen. ”Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra”, seier Nordstoga.
"KLØYVD" TURNÉ:
23.02 Sarpsborg Scene
24.02 Bø, Gullbring
28.02 Fosnavåg Konserthus
01.03 Ørsta Kulturhus
02.03 Bergen, USF Verftet
03.03 Randaberg Kulturscene
04.03 Sola Kulturhus
06.03 Ullensaker Kulturhus
07.03 Larvik, Bølgen Kulturhus
08.03 Oslo, Sentrum Scene
09.03 Lillestrøm Kultursenter
10.03 Fredrikstad, Båthuset
11.03 Kongsberg Musikkteater
13.03 Kolbotn, Kolben Kulturhus
14.03 Trondheim, Byscenen
16.03 Oppdal Kulturhus
17.03 Kristiansund, Festiviteten
18.03 Ålesund, Terminalen Byscene