Stageway

Odd Nordstoga

  • Manager Sigve Prestnes (e-post)
  • Label / presse Charlotte Öqvist (e-post)
  • Booking booking@stageway.no (e-post)
  • 10 Jun Odd Nordstoga @ Utsolgt – Solo, Kråkeslottfestivalen in Bøva, Norway (billetter)
  • 29 Jun Odd Nordstoga @ 2830 Skoledammen in Raufoss, Norway (billetter)
  • 30 Jun Odd Nordstoga @ Ein smak av in Austrheim, Norway (billetter)
  • 01 Jul Odd Nordstoga @ Sundåsen Fort, Stokke in Stokke, Norway (billetter)
  • 21 Jul Odd Nordstoga @ MIG Tautra in Frosta, Norway (billetter)
  • 28 Jul Odd Nordstoga @ Fres Festival in Fresvik, Norway (billetter)
  • 29 Jul Odd Nordstoga @ Telemarksfestivalen in Bø, Norway (billetter)
  • 01 Aug Odd Nordstoga @ Jørn Hilme-stevnet in Fagernes, Norway (billetter)
  • 03 Aug Odd Nordstoga @ Treungen in Treungen, Norway (billetter)
  • 04 Aug Odd Nordstoga @ Fiskeridagene i Åkrehamn in Åkrehamn, Norway (billetter)
  • 05 Aug Odd Nordstoga @ Festidalen in Uskedalen, Norway (billetter)
  • 18 Aug Odd Nordstoga @ Solokonsert – Sjøstjernen in Drøbak, Norway (billetter)

Odd Nordstoga er fødd 10. Desember 1972 og vaks opp på garden Plassen i Vinje som yngst av fire sysken. I ungdomen var han aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i Telemark. Som artist har Odd Nordstoga funne sin plass i krysset mellom populærmusikken og den norske tradisjonsmusikken. Han debuterte som plateartist med bandet Something Odd i 1997, for så i nokre år å drive meir med folkemusikken gjennom gruppa Blåmann Blåmann og i samarbeid med Øyonn Groven Myhren med prosjektet Nivelkinn som hausta spelemannspris for beste folkemusikkplate. I 2004 slo han stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som «Dagane» og «Frøken Franzen» omtrent på same tid som serien Jul i Svingen gjekk på NRK. Der hadde Nordstoga musikken saman med John Vinge. Same året spelte han også rolla som Fuglefanten i folkemusikkversjonen av Tryllefløyten som turnerte heile Noreg og Sverige. I 2008 gav han ut eit album bygd på tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet Pilegrim. Ein ny stor kommersiell suksess kom året etter, då han i lag med Sissel Kyrkjebø gav ut juleplata Strålande Jul med ikkje mindre enn 350 000 selde eksemplar og 11 ganger platina trofè. Elias Blix-salma «Upp gledjest alle» derfrå er i dag med Nordstogas melodi teke opp i den nye salmeboka. Plata November kom året etter, og der er folkpreget for fyrste gong tona litt ned til fordel for eit litt mørkare og personleg landskap. Solsida av dette landskapet kjem til sin rett i neste plate Vaffelhjarte, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok og tv-serien med same namn. Songane «Bestevenn» og «Ein farfar i livet» herfrå står vel i dag som noko av det som har sett djupast merke frå Nordstogas hand. Vaffelhjarte vart feira med to utselde hus i Operaen og ein TV-konsert på NRK. Men noko Noregsturné vart det ikkje sett av plass til. Det var derimot planen heilt frå starten av på neste prosjekt. Igjen eit samarbeid med ein av Noregs store kvinnelege songfuglar, Ingebjørg Harman Bratland. Saman tok dei utgangspunkt i sin felles folkemusikalske oppvekst og laga plata Heimafrå for så å reise på turne i små grendehus, ungdomshus og liknande rundt i heile landet. 132 konsertar på tre kvart år blei det, og det heile avslutta med to fantastiske konsertar igjen i Den Norske Opera. Hausten 2015 kom Odd sitt nye album "Dette landet", som også vann spelemannpris i kategorien "Tekstforfatter". Albumet ble spelt inn i det legendariske Studio Atlantis i Stockholm, med Bergensbrødrene David og Ivar Vogt frå folkbandet Realones som produsentar: – Selv de enkleste ting, som å gå, er en kunst for dem som ikke kan det. For Odd Nordstoga er nok å lage en hyperfengende sommerlåt blant de enkleste ting – for oss andre er det bare å beundre denne kunsten, seier David Chelsom Vogt. Odd Nordstoga har hausta ein heil del med prisar for sitt musikktalent, mellom anna kan nemnast 6 spelemannsprisar inklusive Årets Spellemann for 2004. Men han har også fått mange prisar for sitt språk. Mellom anna Storegutprisen, og Nynorsk kultursentrums høgthengande pris Årets Nynorskbrukar.